BankAkademiet Fotballskule

Surnadal IL Fotball arrangerer to fotballskular på Syltøran - del 1 går av stabelen måndag 26.-fredag 30. juni 2017. Les meir om BankAkademiet Fotballskule her!

Logo_BankAkademiet
BankAkademiet Fotballskule 2015 går av stabelen frå 23.-26. juni.

I samarbeid med generalsponsor Surnadal Sparebank arrangerer Surnadal IL Fotball BankAkademiet Fotballskule, og i 2017 vert det arrangert to fotballskular i løpet av sommaren.

Del 1 varar frå måndag 26.-fredag 30. juni, medan del 2 blir frå måndag 14.-fredag 18. august. Det vil bli gjennomført to økter kvar dag. 

Påmeldinga er open for alle frå 1.-10. klasse. 

Vi stiller med lunsj, alt av utstyr, gode instruktørar frå fotballgruppa (mellom anna A-lagsspelarar) og håpar mange har lyst til å bruke dei første og siste dagane i skuleferien på Syltøran!

For påmelding til del 1, bruk denne linken: https://www.superinvite.no/#/invitation/dbd22ba3bd0df8f385bdac3e9f8be207​.

 

Praktisk informasjon:

Prisen per deltakar er kr. 1.300,- per veke, uavhengig av alder. Dersom ein melder seg på begge vekene kostar det kr. 2.500,-.

Fotballskulen varar frå kl. 09.00-15.00 kvar dag, men foreldre kan levere ungane frå klokka 08.30 og hente til og med klokka 15.30.

Ein dag på BankAkademiet Fotballskule vil sjå omtrent slik ut:

08.30-09.00: Foreldre kan levere ungane på Syltøran.
09.00-11.00: Første fotballøkt.
11.00-13.00: Lunsjpause, der SIL Fotball står for maten.
13.00-15.00: Andre fotballøkt. 
15.00-15.30: Foreldre kan hente ungane på Syltøran.

Vi vil og legge inn fruktpausar undervegs, og sørgjer for at kortstokkar, brettspel og liknande er tilgjengelege for deltakarane når dei har pause.

Tidlegare A-lagsspelar Simen Einmo Engdal er ansvarleg for det sportslege opplegget under BankAkademiet Fotballskule, medan dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus er ansvarleg for det administartive, som påmelding og liknande.

Annonser

Surnadal og Stangvik Sparebank

Svorka AS

GjensidigeDriva