Glød #1 2014 - Framside

"Glød" #1 2014

Surnadal IL lanserer nytt medlemsblad

Surnadal Idrettslag ønskjer å vere i kontakt med medlemmane sine, og vere synlege i lokalsamfunnet. Som eit ledd i dette lanserer vi no "Glød". I første utgåve av medlemsbladet, som vert publisert på idrettslaget si heimeside og Facebook, får lesarane servert både reportasjar, intervju og bildeseriar.

I #1 kan ein mellom anna lese intervju med Arnhild Bergheim frå handballgruppa, som nyleg vart kåra til Årets Ildsjel under Idrettens Festkveld. I tillegg kan ein verte betre kjent med to av Surnadal sine nye ressurspersonar – Rickard Larsson og Espen Fougli Vraalsen. Sturla Brørs fortel om eit artig SIL-minne frå Rensfjellrennet, medan dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus deler sine tankar om kva eit idrettslag skal vere.

Når det gjeld bilete får lesarane sjå glimt frå alpingruppa sin tur til Åre, samt alt frå det første A-laget i fotball i 1966 til friidrettsgruppa, som nyleg deltok i KM innandørs i Tingvollhallen. Her er det altså noko for ein kvar smak!

Medlemsbladet "Glød" kjem til å bli utgjeve fire gonger i året – mars, juni, september og desember. Redaksjonen består av dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus og Mari Vattøy.

Surnadal IL ønskjer å rette ei stor takk til AMFI, Gjensidige, Pipelife, Norsk Kvalitetsmat – Dagens Fangst, Surnadal Sparebank og Svorka, som er med som annonsørar i "Glød" #1.

Har du tips til SIL-stoff til "Glød" #2, som kjem i juni? Vil du eller di bedrift annonsere i medlemsbladet? Har du andre tips eller tilbakemeldingar angåande "Glød"? Ønskjer du å bidra som skribent eller anna? Kontakt oss på oystein.bondhus@surnadal-il.no.

 

Trykk her for å lese "Glød" #1 2014.

 

Trykk her for å lese "Glød" #1 2014 i .pdf-format (startar nedlasting, 14 Mb).

 

Annonser

Svorka AS

Surnadal og Stangvik Sparebank