Forside_glod3

Glød #3 2014

Les den nyaste utgåva av medlemsbladet her!

Den tredje utgåva av "Glød", Surnadal IL sitt elektroniske medlemsblad, er no klar!

I "Glød" #3 kan du mellom anna lese gjesteskribent Tiger Garté sin strålande artikkel "Drakt nummer 10,5", om forfattaren og Tigerforlaget-sjefen sine beste minner frå si tid i Surnadal IL.

Vi har og intervjua handball-boss Stian Faksnes, som trass vekependling til Trondheim legg ned utallige timar for handballgruppa i SIL. I tillegg kan du sjølvsagt lese om IPC Nordic Skiing World Cup-arrangementet vi skal arrangere i mars 2015, samt sjå flotte bilete både frå Åpen hall, BuaCup og anna idrettsaktivitetar.

Surnadal IL ønskjer å rette ei stor takk til Surnadal Sparebank, Amfi Surnadal, Gjensidige, Pipelife, Norsk Kvalitetsmat - Dagens Fangst, Svorka og Consto, som alle er med som annonsørar i "Glød".

Dersom du har tips til SIL-stoff til "Glød" #4 eller ønskjer å bidra som skribent kan du kontakte redaktør Øystein Hjelle Bondhus på ohb@surnadalil.no. Dette gjeld og for bedrifter eller andre som ønskjer å annonsere i medlemsbladet.

 

Trykk her for å lese "Glød" #3 2014.

Trykk her for å lese "Glød" #3 2014 i høgoppløyseleg .pdf-format (startar nedlasting, 8 Mb).

Trykk her for å lese "Glød" #3 2014 i lågoppløyseleg .pdf-format (startar nedlasting, 3 Mb).



http://issuu.com/talgo/docs/glod_nr3_2014-_singlepages