Serierunde i innebandy i idrettshallen på laurdag

Laurdag arrangerer Surnadal IL Innebandy full serierunde i Surnadal Idrettshall. I tillegg til seriekampar blir det lagt opp til at ungar som har lyst kan få mulegheita til å prøve seg i innebandy. Stor stas for heile familien!

Skjermbilde Surnadals kamper
Surnadal sine kampar laurdag.
hemmarunde3
Serierunde i idrettshallen 31. januar.
1497011_679521155419657_1829098589_n
Bilete frå serierunden i Surnadal i fjor.
1618506_679521682086271_805352503_n
Bilete frå serierunden i Surnadal i fjor.

I helga går tredje serierunde i 3. divisjon Møre og Romsdal i innebandy av stabelen, og arena er Surnadal Idrettshall.

Det vert kampar heile dagen frå klokka 09.15, og det vert og muleg å kjøpe seg kaffi, bakels, pølse, sjokolade, brus eller noko anna godt i kiosken.

Klokka 12.00 er det sett av tid til barn/yngre som har lyst til å prøve seg i innebandy, så vi håpar at så mange som muleg tek turen for å spele.

Surnadal IL, som ligg på andreplass på tabellen, møter Eide kl. 09.15, Sykkylven kl. 11.30, Volda kl. 14.15 og Molde kl. 16.30.

SIL stiller med følgjande tropp:

Målvakt: Ronny Husby
Backar: Henrik Blekken, Frode H. Raaen, Gøran Settemsdal, Geir Ove Bævre og Janis Balandins.
Forwards: Knut Bergli, Kjetil Rønning, Rickard Larsson, Terje Megård, Espen F. Vraalsen og Kay Roger Bævre.


Tabellen før helgas serierunde:

3.divisjon Møre og Romsdal - Herrer
  Lag K S U T + - Dif P
1. Volda 8 6 1 1 41 14 27 19
2. Surnadal 8 5 2 1 42 15 27 17
3. Storm/Fosna 7 5 0 2 47 22 25 15
4. Sykkylven 8 3 1 4 35 16 19 10
5. Eide 8 1 0 7 13 74 -61 3
6. Molde 5 0 0 5 7 44 -37 0



innebandy2.jpg
Lagbilde 2014.