DSC_7756

Liashenko og Lekomtcev til topps

Liudmyla Liashenko og Vladislav Lekomtcev vann skiskyttarjaktstartane for ståande under verdenscupfinaleveka fredag. Nils-Erik Ulset vart nummer fire.

Det vart ukrainsk og russisk jubel på Nordmarka då det vart gått skiskyttarjaktstartar for ståande fredag.

I kvinnene sin jaktstart hadde ukrainske Oleksandra Kononova, som vann seks gull av seks mulige under VM i Cable tidlegare i år, det beste utgangspunktet etter seieren onsdag.

Kononova hadde imidlertid ikkje dagen på standplass, og bomma heile sju gonger på dei tre første skytingane. Då hjalp det lite at ho skaut feilfritt på den siste, ettersom lagvenninna Liudmyla Liashenko skaut 19 treff av 20 mulege.

Liashenko fullførte på 30.40, medan Kononova gjekk inn til andreplass på 33.19. Japanske Yurika Abe (4 bom) slo lagvenninna Momoko Dekijima (3) og tok bronsen på 36.44.

I klassa for menn tok verdenscupleiar Vladislav Lekomtcev sin andre seier av to mulege i Surnadal, etter tre bom på dei fire skytingane.

Nils-Erik Ulset hang på russaren heilt til etter den tredje skytinga, men på siste skyting skaut Ulset sin tredje og siste bom, medan både Lekomtcev, Grygorii Vovchynskyi (Ukraina) og canadiske Mark Arendz skaut fullt hus.

Russiske Lekomtcev, som allereie har vunne verdenscupen i langrenn for ståande, fullførte på 35.31, medan Vovchynskyi tok sølvet på 35.58. Arendz, som vart slått av Ulset med knapp margin onsdag, fekk revansje denne gongen, og passerte nordmannen på sisterunden. I mål var Arendz knappe åtte sekund framfor Ulset.

Ukrainske Ihor Reptyukh (5 bom) vart nummer fem, medan Aleksandr Pronkov (Russland, 5 bom) tok sjetteplassen.

Annonser

Svorka AS

Surnadal og Stangvik Sparebank