PRESSEMELDING

Dagleg leiar i Surnadal Idrettslag

Styret i Surnadal Idrettslag har tilsett Øystein Hjelle Bondhus som dagleg leiar i Surnadal IL. Øystein er 28 år, og kjem frå stillinga som administrativ leiar i Korsvoll fotball, yngres avdeling, i Oslo

Øystein Hjelle Bondhus.jpg
Øystein har gjennom drift av idrettslag i både Wam-Kam og Korsvoll  skaffa seg brei erfaring, sin  unge alder til tross.  Organisasjonsutvikling frå botnen av er stikkord frå klubben Wam-Kam,  ein klubb han starta i Oslo i 2007. Frå å vere ein kameratgjeng med eitt seniorlag, har klubben vokse til tre seniorlag, to i åttande og eit i fjerdedivisjon i 2014.  I denne perioden har han vore innom rollar som  styreleiar, hovudtrenar, lagleiar, overgangsansvarleg og webredaktør.

 

Som administrativ leiar i Korsvoll yngres avdeling (53 lag og over 500 spelarar), har han dei to siste åra også arbeidd med oppgåver knytta til  hovudidrettslaget og undergrupper som seniorfotballen og handballen. Korsvoll er eit fleiridrettslag, med  bortimot 1500 medlemmer.

 

Mange har nok også registrert at han dei siste åra har følgt Surnadal Idrettslag tett gjennom frilansjobbing i Driva. Øystein sin signatur har jamt vore å sjå i tilknyting til reportasjar frå Surnadal sine fotballkampar, langrenn og Nordmarka idrettssenter, alpinanlegget i Sæterlia og bogeskyting.

 

I stillinga som dagleg leiar for Surnadal IL, vil han også fungere som dagleg leiar for fotballgruppa, og i tillegg arbeide aktivt mot dei andre gruppene i laget.

 

Vi ønskjer Øystein velkommen heim att til Surnadal etter nær 10 år utabygdes – og lykke til i den nye jobben!

 

 

For nærare informasjon:

 Styreleiar Surnadal Idrettslag: Svein Dalen 903 68 204

Styreleiar fotballgruppa: Erling Fiske 952 23 615

Annonser

Surnadal og Stangvik Sparebank

Pipelife

Svorka AS