forside

"Glød" #2 2014

Les den nyaste utgåva av medlemsbladet her!

"Glød" er det elektroniske medlemsbladet til Surnadal Idrettslag, og utgåve #2 2014 er no klar!

I årets andre utgåve av medlemsbladet "Glød" kan du mellom anna lese Mari Vattøy sitt intervju med styreleiar Ola Mogstad, som tok over etter Svein Dalen etter årsmøtet. Vi har og intervjua Einar Bergheim, friidrett-ildsjelen som er første leiar i den nyoppretta Allidrett-gruppa i Surnadal IL. 

Oktober-utgåva inneheld og flotte bileteseriar frå fotballåret og barneidretten sine mange turar, sistnemnde serie signert fotograf Jörg Brunke.

Lesarane får og eit samandrag av det som for mange var eitt av dei store høgdepunkta i sommar, Norway Cup, samt eit innblikk i kva dagleg leiar meiner er idrettslaget sitt samfunnsoppdrag. I tillegg kan ein lese VIF-klanen sitt artige reisebrev frå bortekampen i fotball mot Surnadal i 1991.

Neste utgåve av "Glød" kjem i november, medan årets fjerde og siste utgåve kjem i dei elektroniske hyllene like før julestria. Det er altså mykje godt idrettsstoff å gle seg til framover!

Redaksjonen består av dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus og Mari Vattøy.

Surnadal IL ønskjer å rette ei stor takk til Surnadal Sparebank, Amfi Surnadal, Gjensidige, Pipelife, Norsk Kvalitetsmat - Dagens Fangst, Svorka og Consto, som alle er med som annonsørar i "Glød".

Har du tips til SIL-stoff til "Glød" #3, eller ønskjer å bidra som skribent? Vil du eller di bedrift annonsere i medlemsbladet?  Kontakt redaksjonen på ohb@surnadalil.no.
 

Trykk her for å lese "Glød" #2 2014.

Trykk her for å lese "Glød" #2 2014 i høgoppløseleg .pdf-format (startar nedlasting,18,5 Mb)

Trykk her for å lese "Glød" #2 2014 i lågoppløseleg .pdf-format (startar nedlasting, 8,44 Mb)

Annonser

Svorka AS

Surnadal og Stangvik Sparebank