Storseier i første treningskamp

Surnadal B-Valsøyfjord 15-1 (4-0)

4-0 ved pause vart til 15-1 ved full tid mot Valsøyfjord onsdag.

IMG_3547
B-laget før kampen mot Valsøyfjord 11.2. (Foto: Steinar B. Ranheim)
IMG_3559
Keeper Erlend Lund måtte gjere oppvarmingsøvingar undervegs i 1. omgang.
IMG_3568
Torgeir Kvendset heada inn 1-0 på corner. Her er han nær si andre cornerscoring.
IMG_3596
Kaptein Espen Fougli Vraalsen scora to mål, hadde (minst) to assists og var B-laget sin bestemann.
IMG_3605
Kristian Ellevset og Espen Fougli Vraalsen feirar Vraalsens sitt 4-0-mål.
IMG_3611
Venstreback Terje Polden set inn 11-0 på straffespark.
IMG_3619
Tore Helgetun og Terje Polden feirar Polden sitt 11-0-mål.
IMG_3627
Øystein Klakegg Thorsen og resten av Surnadal B viste god innsats mot Valsøyfjord onsdag
IMG_3634
Yousuf Farah Naleye (t.v.) og Ahmed Hashi Sabriye kom begge på scoringslista i årets første treninsgkamp.

Sesongen 2015 stiller Surnadal igjen med B-lag for herrer, og som eit ledd i oppkøyringa til sjettedivisjonssesongen målte laget krefter med Valsøyfjord, som i 2014 enda sist i nordmørsavdelinga i divisjonen.

Valsøyfjord mangla i tillegg fleire nøkkelspelarar, medan vi på vår side har hatt ei einaste trening med laget før vi prøvar oss i kamp. Ingen kan ta oss på at vi er for samspelte, det er i alle fall sikkert!

Tok kommandoen

Vi tok kommandoen frå start, og Kristian Ellevset var nær scoring allereie i kampens første minutt. 1-0 kom seks minutt seinare, då Torgeir Kvendset, ein av to spelarar frå A-troppen som spelte for oss i denne kampen, stanga inn ein corner frå kaptein Espen Fougli Vraalsen. Kvendset danna eit rutinert og fysisk sterkt stopparpar med Rolv Lysø, og i løpet av dei 70 minutta dei spelte slapp dei ikkje Valsøyfjord til ein einaste målsjanse. Faktisk måtte keeper Erlend Lund på eitt tidspunkt legge seg ned for å gjere oppvarmingsøvingar medan ballen var i spel på motsett banehalvdel!

Håkon Solem, trenarkoordinator og A-lagslagleiar, var mannen bak 2-0-målet. Høgrekant Zekerie Ahmed heldt leikestue innover i bana før han fann Terje Megård, som nyleg meldte overgang til Surnadal frå nettopp Valsøyfjord. Han fann så unge, lovande, Solem, som dunka til på volley, og ballen fauk inn i nettmaskene bak ein sjanselaus keeper. Ei glimrande scoring av trequartistaen!

Bakrom, bakrom, bakrom

Valsøyfjord insisterte på å sette forsvarslinja si på midtbana, og det straffa seg. G19-trenar og B-lagskaptein Espen Fougli Vraalsen kasta tidleg og langt i retning Yousuf Farah Naleye, som har imponert på A-trening med Surnadal den siste tida. Yousuf slår ein Valsøyfjord-stoppar i løpsduell, når ballen før keeper og tuppar ballen høgt i mål til 3-0.

Og nettopp den høge forsvarslinja var igjen synleg på 4-0-målet, som vart det siste før pause. Rolv Lysø, som kanskje er aller mest kjend for at han er regjerande toppscorar i SIL sin årlege Romjulscup, slo ei glitrande langpasning i bakrom, og sjølvsagt hadde kaptein Vraalsen tima løpet sitt perfekt. Det såg lenge ut som om keeper skulle nå ballen først, men frå skrått hald ute til venstre lobba Fjellhamar-guten, eller kanskje "mannen", sidan han no snart er 30, ballen i mål. Ei ny perle frå Surnadal B!

Ketchup-effekt

Vi gjorde sju byter i pausen, og mellom anna kom førstelagskaptein Stein Todalshaug inn som ein av to djupe midtbanespelarar. Han sette raskt sitt preg på kampen, og etter ein halvtime måtte vi ta han ut igjen, rett og slett fordi han dominerte for mykje. Då hadde han rukke å scora tre mål, melom anna med to fantastiske chippar over keeper. 

Øystein Klakegg Thorsen kom inn på midten saman med Stein, og 22-åringen frå Skien, som fram til sommaren er i politipraksis på Sunndalsøra, opna scoringsballet i andre omgang. Hengande spiss Abdifatah Ahmed Adan sendte ein perfekt stikkar inn bak forsvaret til Valsøyfjord, og Thorsen kasta seg fram og sklei inn 5-0 like framfor nasa på keeper.

Etter dette kom måla kjapt. Tore Helgetun, som kom inn som spiss i pausen, scora 6-0, før Stein Todalshaug scora tre på tre minutt. Tore sette så inn sitt andre for dagen, og plutseleg hadde vi gått frå 4-0 til 9-0 på om lag fem minutt, og 10-0 etter fem til. Så godt som alle måla vart scora etter løp i bakrom eller gjenvinningar høgt i banen.

Målrike sluttminutt

Ole Georg Øye gjorde ein god figur på høgrekanten etter pause, og då han vart felt innanfor Valsøyfjord sin 16-meter peika dommar Stig Morten Gjørsvik på straffemerket. Venstreback Terje Polden var sikker frå ellevemeteren, og dermed stod det 11-0 etter 69 minutt.

På dette tidspunktet tok dagleg leiar i SIL og lagleiar for B-laget, Øystein Hjelle Bondhus, sjansen til å byte inn seg sjølv. På sin første av totalt to touch prøvde han, utan hell, å heade gjennom Abdifatah Adan åleine med keeper, men den andre touchen brukte han betre. Jan Terje Moen, som imponerte i sitt innhopp på venstrekanten, spelte fri Bondhus, som frå 15 meter, litt skrått til høgre for mål, sette ballen tilbake i det venstre hjørnet. Det viktige 12-0-målet var i boks, og Bondhus byta deretter seg sjølv ut rett igjen.

Tre minutt før full tid varta Valsøyfjord opp med ei klassescoring fra langt hald, men Jan Terje Moen svarte med eit (nesten) like flott langskot minuttet etterpå, og det stod 13-1. 14-1 kom etter at kaptein Vraalsen snappa opp ein slapt Valsøyfjord-innkast høgt i bana før han scora med sin andre touch, og 15-1 kom frå kloss hald ved Ahmed Sabriye, etter flott forarbeid av høgreback Jon Magne Helgetun.

Ny kamp onsdag 19.2.

Det vart målrikt og hyggeleg på Syltøran denne onsdagskvelden, og tonen mellom laga var gjennomgåande god. Vi fekk brukt 19 spelarar, der alle som ønska det, bortsett frå A-lagskaptein Stein, som var for god, stakkar, fekk spele minst ein omgang. No ventar returkamp mot same motstandar onsdag om ei veke, 19.2., og vi gler oss allereie!

Vi takkar Valsøyfjord og dommar Stig Morten Gjørsvik for kampen, og tilskodarane som tok turen for oppmøtet! Ei stor takk og til Torgeir og Stein som stilte frå A-stallen.

Dette skal bli ein utruleg artig sesong, og no er vi verkeleg i gong!



Kampfakta:

Surnadal B-Valsøyfjord 15-1 (4-0)

1-0 Torgeir Kvendset (7.) (Assist Espen Fougli Vraalsen)
2-0 Håkon Solem (14.) (Assist Terje Megård)
3-0 Yousuf Farah Naleye (17.) (Assist Espen Fougli Vraalsen)
4-0 Espen Fougli Vraalsen (31.) (Assist Rolv Lysø)
5-0 Øystein Klakegg Thorsen (56.) (Assist Abdifatah Ahmed Adan)
6-0 Tore Helgetun (57.) (Assist Jan Terje Moen)
7-0 Stein Todalshaug (58.) (Ingen assist)
8-0 Stein Todalshaug (60.) (Assist Terje Megård)
9-0 Stein Todalshaug (60.) (Assist?)
10-0 Tore Helgetun (65.) (Assist?)
11-0 Terje Polden (str. 69.) (Assist Ole Georg Øye)
12-0 Øystein Hjelle Bondhus (85.) (Assist Jan Terje Moen)
12-1 Valsøyfjord (87.)
13-1 Jan Terje Moen (88.) (Assist?)
14-1 Espen Fougli Vraalsen (89.) (Ingen assist)
15-1 Ahmed Hashi Sabriye (90.) (Assist Jon Magne Helgetun)

 

Laget (4-2-3-1):

Erlend Lund - Terje Megård, Torgeir Kvendset (frå A-lag), Rolv Lysø, Jon Magne Helgetun - Ahmed Hashi Sabriye, Espen Fougli Vraalsen (kaptein) - Zekerie Abdirasaq Ahmed, Håkon Solem, Kristian Ellevset - Yousuf Farah Naleye

 

Byter:

46. min: Øystein Klakegg Thorsen inn for Ahmed Sabriye
46. min: Ole Georg Øye inn for Zekerie Ahmed
46. min: Tore Helgetun inn for Yousuf Naleye
46. min: Jan Terje Moen inn for Kristian Ellevset
46. min: Stein Todalshaug (frå A-lag) inn for Espen Fougli Vraalsen
46. min: Terje Polden inn for Jon Magne Helgetun
46. min: Abdifatah Ahmed Adan inn for Håkon Solem

 

 

 

 

Laget frå start i 2. omg:

Erlend Lund - Terje Megård, Torgeir Kvendset (frå A-lag), Rolv Lysø, Terje Polden - Stein Todalshaug, Øystein Klakegg Thorsen - Ole Georg Øye, Abdifatah Ahmed Adan, Jan Terje Moen - Tore Helgetun. 

70. min: Øystein Hjelle Bondhus inn for Rolv Lysø
70. min: Espen Fougli Vraalsen inn for Torgeir Kvendset
70. min: Jon Magne Helgetun inn for Terje Megård
75. min: Ahmed Sabriye inn for Stein Todalshaug

Laget etter 75 min:
Erlend Lund - Jon Magne Helgetun, Øystein Klakegg Thorsen, Tore Helgetun, Terje Polden - Ahmed Hashi Sabriye, Espen Fougli Vraalsen - Ole Georg Øye, Abdifatah Ahmed Adan, Jan Terje Moen - Øystein Hjelle Bondhus

85. min: Yousuf Farah Naleye inn på topp for Øystein Hjelle Bondhus

Annonser

Surnadal og Stangvik Sparebank

Svorka AS

GjensidigeDriva