Surnadal IL lanserer nettbutikk

Pressemelding:

Surnadal Idrettslag lanserer måndag ny nettbutikk, der både tilhengarar, medlemmer og aktive kan få kjøpt supportarutstyr og SIL-effektar.

shopreklame-1
SIL lanserer nettbutikk
shopreklame-2
Kjøp supportarskjorte med namnet på favorittspelaren din på A-laget i fotball!
shopreklame-3
I nettbutikken finn du mellom anna ein eigen

Måndag 26. mai lanserer Surnadal Idrettslag ny nettbutikk, som folk kan finne på adressa http://surnadalil.spreadshirt.no.

I denne butikken finn ein effektar til glede for supportarar, medlemmar og aktive i Surnadal IL. Ein finn og nettbutikken ved å trykke på den blå boksen oppe til høgre på idrettslaget sine heimesider.

Treningsutstyr skal framleis handterast av våre gode samarbeidspartnarar og sponsorar - nettbutikken er eit supplement som gjev oss nye mulegheiter til å vere synlege også utanfor banen og på tribunane. 

Enkelt å handle - SIL får inntekter

SIL ser på den nyopna nettbutikken som ein moderne måte å gje medlemmane og andre SIL-tilhengarar mulegheita til sjølv å kjøpe supportareffektar på 1 stk-nivå, utan at det inneberer nokon risiko for klubbkassa.

Ved å handle i nettbutikken støttar ein og Surnadal IL si verksemd, sidan idrettslaget får inntekter av alle sal.

Det er enkelt å bestille, betale og få varene rett heim i posten, på vanleg netthandelvis. Surnadal IL er ikkje direkte involvert i produksjonen av effektane, men forhandlar dei gjennom ein 3. part - Spreadshirt.no.

Dette inneber at SIL ikkje tek ansvar for eventuelle feil og manglar, det må takast direkte med leverandør.

Alle produkta til Spreadshirt vert produsert i Tyskland. På varer med verdi over kr 199,- (fraktutgifter reknast ikkje med her) vil det bli lagt til moms og toll ved import til Norge. Les meir om dette ved å trykke her, og sjå Tollvesenet sin importkalkulator her. 

Spennande kolleksjonar

Ved lansering ligg det 45 ulike produkt til sal i nettbutikken. Dette er alt frå babybodyar og iPhone-deksel til paraplyar og t-skjorter - sjølvsagt med Surnadal IL-logo på.

Blant produkta har vi og to heilt nye kolleksjonar: ein som følgjer opp "Glød"-temaet frå det nystarta medlemsbladet, og ein der ein kan kjøpe "spelartrøyer" laga for å likne på fotballdrakter, med namn og nummer til spelarane på vårt eige A-lag bakpå.

I tillegg har vi laga eigne t-skjorter retta direkte mot foreldre og andre supportarar, med påskrifter som "Supportermamma", "Supporterpappa" og "Eg heiar på Surnadal IL i Norway Cup".

Vi har eit mål om at nettbutikken skal vere med på å gjere Surnadal IL meir synlege på alle arrangement utøvarane våre deltek på. Dersom folk har sterke ønskjer om motiv eller produkt vi bør ha til sals i nettbutikken vår, oppmodar vi alle til å ta kontakt.

Så ta turen innom http://surnadalil.spreadshirt.no!

For meir informasjon, kontakt:

Dagleg leiar i Surnadal IL, Øystein Hjelle Bondhus: tlf. 926 98 080.

Annonser

Svorka AS

Surnadal og Stangvik Sparebank