klubblog_wbo

Surnadal IL nominert til prisen "Årets Driva-navn"

Idrettslaget nominert til lokal prestisjepris.

Surnadal Idrettslag er ein av dei nominerte kandidatane til prisen "Årets Driva-navn" i 2014! 

Vi ønskjer å rette ei takk til Driva for nominasjonen, som vi er svært glade for. Det er hyggeleg at våre mange aktive og frivillige vert lagt merke til og trekt fram - jobben de gjer for at barn, unge, vaksne og godt vaksne skal få bruke fritida si på hobbyen sin er uvurderleg! Vi er i positiv utvikling, og har som mål å verte endå betre i 2015.

Det er mange gode kandidatar til prisen, så vi er i gjevt selskap.

Har du lyst til å stemme på "Årets Driva-navn" kan du gjere det her.