Til minne om Snorre Larsen

Surnadal IL-profil Snorre Larsen (22) omkom i ei jaktulykke i Lofoten fredag 20. oktober.

22768469_10212433667828869_1117742495_o
Fotballgruppa har vedteke å frede Snorre sitt draktnummer, 21, på A-laget. Måndag 23.10. vart det halde minnestund i klubbhuset på Syltøran, etter initiativ frå Snorre sine lagkameratar på A-laget.
snorre langrenn
Snorre Larsen var gjennom mange år ein sentral person både i fotballgruppa og langrennsgruppa i Surnadal IL.
IMG_2315
Snorre Larsen mot Volda i 2016.

Det var med stor sorg vi fredag mottok nyheita om at Snorre Larsen gjekk bort så altfor tidleg, etter ei fallulykke under jakt i Lofoten. 

Snorre vart berre 22 år gammal, men gjennom dei 22 åra rakk han å spre glede og entusiasme til alle han møtte. Han oppmuntra alle. Inkluderte alle. Såg alle.

Vi i Surnadal Idrettslag var så heldige at vi fekk nyte godt av dei eksepsjonelle menneskelege kvalitetane til Snorre. Både i skigruppa og fotballgruppa var Snorre ein sentral person. Han var ein rollemodell når det gjaldt å alltid yte sitt beste på trening, samtidig som han alltid hadde eit lurt og lunt smil eller ein god kommentar på lager.

Det var alltid mykje liv og røre rundt Snorre, og han var ein mester til å få fram latteren hos folk. Snorre vart difor eit naturleg midtpunkt i all aktivitet han deltok i, og ein person dei yngre utøvarane såg opp til.

Snorre var ein person som alltid heva nivået, uavhengig av om det var på trening, i konkurranse eller på dugnad. Det vert ofte sagt når nokon går bort at "Han var så godt likt av alle". Aldri har det stemt betre enn no. Snorre var ein heilt spesiell person, som rørte ved alle menneska som fekk gleda av å verte kjent med han.

Ord kan ikkje skildre kor mykje Snorre vil bli sakna.

Våre tankar går til familien. Ellbjørg, Torbjørn, Signe, Victoria og alle dykk andre som stod Snorre aller nærast. De skal vite at vi er med dykk i sorga, og at dei mange gode opplevingane vi i Surnadal Idrettslag har hatt med Snorre kjem til å leve vidare.

Takk for alle dei gode minna, Snorre. Du blir aldri, aldri gløymt.

SIL-GUTT HEI!

På vegne av Surnadal Idrettslag,
Øystein Hjelle Bondhus

22812910_10154731341696503_486995959_o_550x183_500x167.jpg

Annonser

Surnadal og Stangvik Sparebank

Svorka AS

GjensidigeDriva