Uavgjort for B-laget

B-laget spelte onsdag 1-1 mot Valsøyfjord på Amfi Park. SIL hadde initiativet i kampen, men lykkast ikkje framfor mål denne gongen.

IMG_3702
Ole Georg Øye.
IMG_3703
Simon Arefaine Sium.
IMG_3713
Yousuf Farah Naleye sett inn 1-1 etter 75 minutt.
IMG_3716
Feiring av 1-1. Yousuf Farah Naleye og Jan Terje Moen.
IMG_3717
Jan Terje Moen, Yousuf Farah Naleye og Ahmed Hashi Sabriye feirar 1-1.
IMG_3723
Sondre Ormset blir nesten matchvinnar! Dessverre er avslutninga på veg i tverrliggaren.
IMG_3665
Tore Helgetun.

Det enda 1-1 då Surnadal B møtte Valsøyfjord for andre gong på ei veke onsdag kveld. Førre onsdag vann B-laget heile 15-1, men denne gongen var det ei langt sterkare og meir rutinert utgåve av Valsøyfjord som stod på motsett banehalvdel. I 6. divisjon varierer kamptroppane mykje frå kamp til kamp, og det gjeld og oss.

Vinterferie og sjukdom gjorde at vi mangla Erlend Lund, Espen Fougli Vraalsen, Jon Magne Helgetun, Zekerie Abdirasaq Ahmed og Terje Megård som spelte førre veke. Fansen på Syltøran fekk imidlertid stifte bekjentskap med fem debutantar, der fleire av dei gjorde comeback i SIL-drakta: Sondre Ormset, Kay Roger Bævre, Simon Arefaine Sium, John Arvid Aamodt og Audun With Aasgård. Vi viser at vi har god breidde i troppen, noko som garantert trengs når serien startar

Ville seg ikkje

Etter jamne opningsminutt festa SIL grepet om kampen, men det enda stort sett med knall og fall på ei noko glatt bane då sjansane skulle omsetjast i mål. Simon Arefaine Sium frå Eritrea på topp ga aldri Valsøyfjord-forsvaret, styrt av solide Henrik Halvorsen, fred, og var nær scoring då han vann ballen, drog av ein motstandar og sette ballen like over. Kristian Ellevset nådde ballen før keeper, men ei god redning sørgja for at 0-0 stod seg, trass stadig aukande SIL-press. Då skjedde det som ofte skjer, motstandaren scorar.

31 minutt var spelt då ein Valsøyfjord-spelar fekk tråkla seg gjennom forsvaret vårt og sett ballen i mål, utakbart for vår solide keeper John Arvid Aamodt. Også etter målet hadde vi initiativet i kampen, men eit hardtkjempande Valsøyfjord nekta oss veldig mange store sjansar. Midtstoppar Lysø sin sjanse like før pause var kanskje vår aller største i første omgang, og webredaksjonen vel å gje Liverpool-huva til Lysø skulda for at headinga frå kloss hald etter corner sklei av hovudet og gjekk til side for mål i staden for i nettmaskene.

Dermed stod 0-1 seg til pause. I pausen gjorde vi fire byter, og mellom anna følgde duoen Ahmed Hashi Sabriye og Yousuf Farah Naleye opp den gode innsatsen får førre vekes kamp med solide innhopp også denne gongen. Kay Roger Bævre og Sondre Ormset gjorde og sine saker bra i det som var deira comeback i SIL-trøya.

Flott utlikning

Den andre omgangen vart lik den første, der store deler av spelet gjekk føre seg på Valsøyfjord sin banehalvdel. Mål vart det likevel ikkje før i det 75. minutt, mellom anna fordi vi gjekk i offside i omtrent annakvart angrep. Då målet først kom var det etter at Kay Roger Bævre spelte fri Yousuf Farah Naleye, som viste enorm fart då han nådde ballen før keeper og sende ballen i tomt bur til 1-1. 

Det siste kvarteret prøvde vi å bryte ned eit solid Valsøyfjord-forsvar, men var ikkje presise nok med verken pasningar, avslutningar eller timinga i løpa våre. Ikkje så rart, kanskje, når vi har hatt to treningar og ein kamp saman tidlegare. Bortelaget forsøkte på si side å køyre kontringar på oss, og heldt på å lykkast då dei fekk avslutta frå god posisjon om lag fem minutt før full tid. Keeper John Arvid Aamodt avverga scoring med ei kjemperedning, og returen enda i stolpen og ut.

På andre sida heldt Yousuf Farah Naleye på å avgjere til vår fordel, men også Valsøyfjord sin keeper redda flott. Debutant Sondre Ormset plukka opp- og fekk dempa returen, men måtte sjå avslutninga si ende i tverrliggaren frå god posisjon inne i feltet. Dermed ebba det ut med uavgjort, i ein kamp vi føler vi skulle vunne. Heldigvis hadde vi 15-1 å gå på etter det første oppgjeret mellom laga, så samanlagt ligg vi godt an! 

Dette var ei ny, god gjennomkøyring for B-laget, og totalt sett var det mykje artigare med ein jamn kamp enn førre vekes storsiger. Vi viser mykje bra spel, trass at mange spelar saman før første gong, så det lovar godt for framtida! No gler vi oss til sesongstart!

Vi takkar Valsøyfjord for kampen, og ønskjer dei lykke til vidare!

 

Kampfakta:

Surnadal B-Valsøyfjord 1-1 (0-1)


0-1 Valsøyfjord (31.)
1-1 Yousuf Farah Naleye (75.) (Assist Kay Roger Bævre)


Laget (4-2-3-1):
John Arvid Aamodt - Øystein Klakegg Thorsen, Tore Helgetun, Rolv Lysø, Terje Polden - Ole Georg Øye, Abdifatah Ahmed Adan - Jan Terje Moen, Håkon Solem, Kristian Ellevset (kaptein) - Simon Arefaine Sium.


Innbytarar: Audun With Aasgård, Ahmed Hashi Sabriye, Sondre Ormset, Yousuf Farah Naleye, Kay Roger Bævre og Øystein Hjelle Bondhus (ubenytta).
 

Byter:

26. min: Audun With Aasgård inn for Tore Helgetun
46. min: Ahmed Hashi Sabriye inn for Abdifatah Ahmed Adan
46. min: Sondre Ormset inn for Ole Georg Øye
46. min: Yousuf Farah Naleye inn for Jan Terje Moen
46. min: Kay Roger Bævre inn for Håkon Solem
 

Laget frå start i 2. omgang:

 

John Arvid Aamodt - Sondre Ormset, Audun With Aasgård, Rolv Lysø, Terje Polden - Ahmed Hashi Sabriye, Øystein Klakegg Thorsen - Simon Arefaine Sium, Kay Roger Bævre, Kristian Ellevset - Yousuf Farah Naleye.

 

60. min: Ole Georg Øye inn for Terje Polden

70. min: Jan Terje Moen inn for Øystein Klakegg Thorsen
70. min: Abdifatah Ahmed Adan inn for Simon Arefaine Sium

 

Annonser

Surnadal og Stangvik Sparebank

Svorka AS

GjensidigeDriva